Storsamling på Kafe Tiaren i dag.
Opne Hus i regi av Kvinnherad Frivilligsentral var samla til songstund, mat og sosialt samvære i Gamleskulen i dag. Det var frammøte frå mange bygder. Rustne Menn med gjesteartist Vidar Isdal stod for underhaldninga. Bente Nilsen frå arrangøren ynsgte velkomen og fortalde litt om satsinga Med hjarte for alle i Kvinnherad. Det er lagt opp til samling og arrangement ein gong i veka, eit desentralisert opplegg ut til bygdene i kommunen.

Uskedalen ligg inne som ein sentral møteplass. Det neste på lista i Uskedalen er Open skulestove på Haugland skulemuseum. Det er 15. oktober frå kl. 12.00. Hugs at det er påmelding til Opne Hus. Arrangøren dekkar kostnader med skyss, mat og program.

Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Bente Nilsen - Opne hus