Uskedal Historielag har gjennomført ein ny vellukka bildekveld med godt frammøte. Det kom i overkant av 20 personar, Mykje god mimring. Thor Inge Døssland og Astrid Haugland frå skriftstyret har regien. Alle høyrde ein viedeosnutt der Torunn Kjærland fortalde om gravferdsskikkar oppe i dalen før i tida. Gravferdsskikkar kjem det meir om i neste bok. Elles såg ein gjennom mange bilde frå aktivitetar i ungdomslaget. Der var det mange kjende ansikt å sjå.

Det er godt frammøte til bildekveldane i Uskedal historielag.

Ungdomslagdhistoria blir og godt dekka med tekst og bilde i komande bøker. Strandstafetten var også med på visninga i kveld. Planen var og å sjå bilde frå ungdomsklubben, men det vart det ikkje tid til. Dei vert viste ved eit seinare høve.

Historielaget etterspør fleire bilde. Finn fram og ta med på møta eller ta direkte kontakt med skriftstyret. Det er både kjekt og inspirerende at så mange møter opp og viser interesse for desse kveldane.

Tekst/foto: Thor Inge Døssland
Nett: Kristian Bringedal