Søndag 5. oktober er det klart for den 43. utgåva av Kvinnheradløpet. I år har arrangøren fått Kvinnherad vekstbedrift i Uskedalen til å laga nokre flotte merke. Kvinnheradløpet vart arrangert fyrste gong i 1982, og har blitt gjennomført kvart einaste år seinare, med unnatak av pandemiåret 2020. Dermed er vi no komne til den 43. utgåva. Det vil seia, løpsklassen måtte ha pause også i 2021 grunna anleggsarbeid på Rosendal stadion, så der snakkar vi om den 42. gongen.

Per Åge Lyhammer på Kvinnherad Vekst har designa merke og styrer brennemaskinen.


I alle år har dei som fullfører Kvinnheradløpet fått merke, både for kvart år og ved runde tal. Årsmerka i metall har arrangøren, Rosendal Turnlag Turgruppa, no gått bort frå – av fleire årsaker: Dei kosta meir og meir å produsera, og ein hadde inntrykk av at dei gjerne hamna bortgøymt i ei skuff hjå mange av mottakarane. Jubileumsmerka fortset derimot som før.

For årsmerka prøver Kvinnheradløpet no ein ny vri. Dei har nemleg fått Kvinnherad vekstbedrift i Uskedalen til å laga nokre vakre merke i tre.
– Vi har brukt mest lerk. Tek eg ikkje feil så var det Georg Hestad som leverte. Det var lerk som vi skulle saga til ved, men så tok vi vare på nokre stokkar, fortel arbeidsleiar Atle Haugland.


Han opplyser at det er ein ganske omfattande prosess å laga slike merke. Fyrst skal merket designast på ein datamaskin, og så vert det overført til ein brennemaskin. Men det er ei utfordring at dette utstyret ikkje akkurat er toppmoderne.


– Maskinen er gamal og utdatert, men den fungerer framleis, konstaterer Haugland, og legg til at dei ikkje har mange oppdrag av denne sorten. Men dei lagar faktisk liknande merke til alt dei produserer sjølve, til dømes bord og benker. Mykje av jobben er det Per Åge Lyhammer som har stått for.
– Veldig kjekt, data er jo gøy, seier han om å designa merka.
– Datamaskinen brukar sikkert Windows 94, eller noko sånt, smiler Atle Haugland.
– Kor lang tid tek brenninga?
– Cirka 45 minutt på seks merke, estimerer Per Åge Lyhammer.

Men prosessen er ikkje ferdig med dette.
– Vi skjer ut merka på ein maskin, og så høvlar vi ned til om lag 2 millimeter. Vi har tre elevar frå Kvinnherad vidaregåande skule på utplassering her, og dei har vore med på å pussa og stella merka, informerer Haugland. I denne omgang har Kvinnherad vekstbedrift totalt laga 440 merke til Kvinnheradløpet.


– Fyrst og fremst er merka til dei som går Kvinnheradløpet for fyrste gong og til ungar, men vi har vonleg også nokon til andre som måtte vera spesielt interessert i slike merke, fortel Mariann Risdal, som er ansvarleg for Kvinnheradløpet i Turgruppa. Ho takkar Kvinnherad vekstbedrift for hjelpa, og er strålande nøgd med resultatet.


– Eg synest det er veldig kjekt at dei kan laga slike merke, slik at vi får handla lokalt, seier ho.
– Og så er det berekraftig, noko som jo er i tida. Her er det ikkje plast, berre trevyrke. Og viss de vil, kan det laga hol slik at de kan festa band i merka, supplerer Atle Haugland.

Vinnheradløpet utvida i fjor traseen til nøyaktig 6 kilometer, noko ein gjorde ved å leggja til 274 meter. Løypa er den same i år. For trimklassen betyr det: Start ved gymsalen der ein kjøper deltakarkort, gå éin runde på stadion, så ut til Rosendalstunet, opp til kyrkja, gjennom Omshagen, ned til ungdomsskulen og rett til mål ved speakerbua på stadion.


Løpsklassen startar på si side i svingen ned mot kunstgrasbanen, spring ein halv runde på stadion og så ut ved samfunnshuset. På veg mot mål skal dei springa nesten halvannan runde inne på stadion, og i mål ved speakerbua.


I fjor vart det litt kaotisk med å halda kontroll på kven som var på veg mot mål og kven som hadde éin runde igjen. I år vert dette vonleg løyst ved å setja opp markørar som deler banen i fleire felt i øvre sving. Dessutan er det planen å ta i bruk tidtakarsystemet EQ Timing.


I fjor vann Sindre Solbakken Omvik frå Gular herreklassen på 18,16. Han har allereie meldt frå om at han stiller i år også, og jagar ny rekord. Han håpar dessutan at løpet minst kopierer fjorårets deltakartal på 53 i løpsklassen, og vil invitera med seg fleire frå Gular.


Raskaste dame var Holmfridur Adalsteinsdottir frå Trio på 23,42.

Tekst/foto: Pressemelding
Nett: Kristian Bringedal