Lokalt gospelkor debuterte og samla ei fullsett kyrkje. Fire av aktørane kjem frå Uskedalen.
Konserten i kveld hadde med det meste av det vi tenkjer på med gospel – rytme, glede, klapp og rørsle. Det var imponerande kva dei 20 koristane har øvd inn på kort tid. Det som har utvikla seg til Kvinnherad gospel – Get Together starta forsiktig våren 2024 med øving annakvar tysdag i Valen kyrkje. Musikalsk leiar er Tone R. Hellesøy. Eit fire dagars seminar med rettleiig og god hjelp frå den proffe Grethe Svendsen er finalen på eit intenst korarbeid denne hausten.

Med i framføringa er fire aktøar frå Uskedalen. I koret finn vi Anja Njøten, Svanhill Haugland og Randi Nybakk. Anja er solist på tre av songane. Bjørn Moe, også frå Uskedalen, er proff trommis i orkesteret, saman med Bjarne Øymyr, Stig Klette og Christin Meaas Svendsen. Torbjørn Storegjerde er lydsjef.

I konserten var det lagt inn tekstlesing, tre monologar med tekstar henta frå Bibelen. Tidlegare medlem i Oslo Gospel kor, Grethe Svensen, er kjend frå musikalar og pop/rock. Det neste er ny musikk i samarbeid med Carola. Ho framførte fleire solonummer i Valen kyrkje.

Konserten fekk stor fagnad. Gospel fengjer og mange spør: Kva kan vi venta meir av det nyskipa koret ?
Dersom du fekk motivasjon til å vera med i Get Together, møt fram på neste øving, tysdag 30. september kl. 19.00 i Valen kyrkje,
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal