Fjelly

Kva med ein tur til fjells i det fine haustværet på laurdag? Ungdomslaget inviterer til pop-up kafe på Fjelly.

Sidan vi har litt arbeid som skal gjerast på Fjelly, smell vi i same slengen til med pop-up kafe kl.12-15. Kom innom så skal vi i allefall ha kaffi og vafler, og kanskje eit kakestykke du kan kosa deg med i sola.

Tekst: Ungdomslaget
Foto/Nett: Hans Ordin Østebø