Institusjonsspeling - eit varemerke for Uskedal Musikklag.
Ein aktiv periode i korpset
Syng med oss på Husnestunet stod på programmet til Uskedal musikklag onsdag i denne veka. Seinare i haust er bandet klar for song- og musikk på Rosendalstunet. Institusjonsspeling er på mange måtar eit varemerke til musikklaget. Bandet har forsongar og eige songhefte. Om lag 30 av totalt 50 songar er så langt arrangerte for bandet.

Nokre av songane på Husnes i går vart framført for fyrste gong, slik som Barnatro og Ein fin liten blome. Den russiske folketonen Jag har hørt om en stad er eit fast innslag på Husnestunet, dette fordi songen er på ynskjelista.
Elles er det merkbart at snittalderen i musikklaget er på veg ned. Yngre blåsarar kjem til og medlemstalet aukar.
Neste speling er etter planen alt laurdag 4. oktober på Haustmarknaden som Uskedal Utvikling skal arrangera. Etter det går det slag i slag med musikkinnslag torsdag 9. oktober i Helgheim når det er føredragskveld med med Jørn Øyrehagen Sunde, skipa til av Uskedal Historielag. Bakgrunnen er boka Forsvarstale for eit vondt menneske. På boksleppet av utvandringsboka Med von om ei betre framtid 18. oktober skal dei også ha nokre nummer. 28. oktober stiller musikklaget med forsongar Kristian Bringedal på Rosendalstunet for å stå for programmet på Syng med oss. 2.november har musikkgjengen invitert to andre korps til treff, og då blir det konsert i Aktivitetshuset. Etter dette er det advents- og julespelingar som er på programmet.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal