Kl. 07.00 i dag tidleg kom det 37 år gamle cruiseskipet MS AMERA inn Storsund, med destinasjon Rosendal og vidare til Eidfjord. Det er ikkje så ofte vi ser turistskip gjennom Storsund så tidleg på dagen. Mest vanleg er seglas på sør på ettermiddagen.

MS AMERA er elles eit vanleg syn på desse kantar. Skipet er bygd i 1988. Det er såleis eit av dei eldste i denne farten. Etter stopp i Rosendal i dag har AMERA lagt til kai i Eidfjord.

Det 40 000 tonn store MS AMERA går med Bahamas flagg.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Britt Iren Østebø