Uskedalsvegen 578, einebustad med frukthage i sentrum er seld. Etter visning for to dagar sidan, søndag, er huset alt seld. Noko meir sentralt enn der huset ligg, går det ikkje an å koma. Plassen er unik midt mellom kyrkja, båthamna, campingplass og SPAR butikken. Det er gangavstand til alle sentrums- og tenestefunksjonar som skule, barnehage og idrettsanlegg.

Så langt uskedalen.no kjenner til var det stor intereesse og godt frammøte til visning sist søndag. Aktiv Eiendomsmegling, Bergen, var meglar.

For oss som vaks opp i Uskedalen er dette huset til lærar Johan Omvik, gift med Kristi Kalven. Etter teneste i Haugland og Musland skulekrins, flytta familien ned i sentrum der han vart tilsett på Uskedal skule i 1922. Dotter hans, Magnhild Omvik, budde i huset fram til det vart seld og brukt som fritidshus.

Fleire hus i Uskedalen ligg ute for sal, mellom anna på Steinsletto, Ospelunden og i Beinavikjo. Eit anna hus, om lag på same plassen i sentrum, er også klar for salg.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal