Ni lag frå Uskedalen har innan fristen søkt om momskompensasjon på varer og tenester. Målet med ordninga er å fremja aktivitet gjennom å kompensera for kostnader organisasjonen har med meirverdiavgift. For lag som har ein moderorganisasjon, som t.d. Uskedal helselag, vert søknaden sendt til sentralt ledd som så fordeler tilskotet. Andre må dokumentera momskostnader ved meir utførleg søknad. Døme på slike organisasjonar er Uskedal Friluftslag og Uskedal Historielag.

Desse er på søknadslista frå Uskedalen:

  • Uskedal Historielag
  • Røysterett for Alle
  • Uskedal Helselag
  • Uskedal Idrettslag
  • Uskedal Bedehusforsamling – Uskedal Indremisjon/NML
  • Uskedal skulemusikk
  • Uskedal Utvikling
  • Uskedal Friluftslag
  • Festidalen

Festidalen toppar lista med ein søknad på kr. 476.054,-.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto