Vikarprest i ein overgangsperiode til ny sokneprest er tilsett.
Kjetil Kringlebotten er tilsett i ny stilling som sokneprest i soknene Husnes og Holmedal. Uskedalen og Enæs må sjå seg om etter ny sokneprest. Utlysinga vert gjort klar i desse dagar. I ein overgangspriode vil dei andre prestane dekka opp Uskedalen. Prestevikar Astrid Elisabeth Wilborn frå Varaldsøy er ein desse.
Frå før veit vi at Kjersti Brakestad Boge vil ha konfirmantførebuinga med konfirmantane som høyrer til Rosendal ungomsskule. Presentasjonen var på gudsteneste sist sundag.
Tekst/nett: Kristian Bringedal