Uskedal helselag takkar.
Uskedal Helselag takkar for alle gode og rause bidrag til Demensaksjonen 2025. Takk til alle bøsseberarar, og dei som ivaretok med kaffi og bollar til alle. Særleg takk til alle som har gjeve økonomisk bidrag til forsking og tiltak i høve demens. Totalt vart det samla inn rett i overkant av kr. 36.000,-. Vi er imponert, og det er ein flott innsats frå Uskedalen. Tusen takk!

Evelyn Mehl Willulmsen ( sjå bilete på topp ) frå Hukommelsesteamet i Kvinnherad kommune haldt foredrag om tenester og tilbod frå kommunalt hald, samt råd og informasjon i høve demens, sjukdomsutvikling og kva rolle pårørande og nærpersonar kan ha. Dette var basert på Nasjonalforeningen for folkehelsen sin informasjon om demens. Meir om dette kan du lese her: Demens
Uskedal helselag informerte om demensgruppe som ein ønskjer å prøva ut hausten 2025. Marit Hjønnevåg og Elin Legland har lagt opp til små, trygge og sosiale grupper der pårørande kan bli med familiemedlemmer eller nærpersonar med demens. Ein vil bruka tida på rolege aktivitetar, samtalar og opplevingar som engasjerer ulike sansar og ivaretek kvar og ein. Målet er å både å vere meir sosial og trygg med demens, ha nye aktivitetar saman med sine nærpersonar, samt å vere ein møtestad for pårørande. Ta kontakt med Elin på telefon 40468000 om du vil vite meir om dette.
Det er lagt opp til 4 slike samlingar, med 22.10. kl 1730 som første.
På nyåret 2026 byr Uskedal helselag på eit nytt foredrag om demens, då vinkla frå pårørande. Meir informasjon om dette kjem seinare.

Tekst: Elin Legland Foto: Thor Inge Døssland Nett: Kristian Bringedal