Ny bordkledning og nye vindaugo på Bedehuset.
Det vert i desse dagar utført eit omfattande vedlikehaldsarbeid på Bedehuset. Arbeidet har vore planlagd i fleire år. Søknader om midlar har ikkje ført fram. Vedlikehaldsarbeidet er difor finansiert ved hjelp av rause gåver frå både uskedelingar og andre. Basaren i fjor haust var god, så den dekkar inn noko av materialkostnaden.

Asgeir Hjelmeland fortel til uskedalen.no at arbeidet omfattar ny borkledning og nye vindauge på veggen mot vegen, og eit nytt vindauga på veggen mot stemneplassen. Bedehuset er eit solid hus, med tømravegger og skifertak.
Asgeir fortel vidare at bedehuset i Uskedalen er bygd av våre forfedre i dei harde 30 åra. Målt var å ha eit bygg der ein kunne samlast om evangeliet. Solid hus for solid budskap. Dette vil ein ta vare på og bringa vidare, og dela med flest mogeleg.
Asgeir Hjelmeland, leiar i Uskedalen bedehusforsamling, rettar stor takk til alle som har vore med og hjelpt til med gåver og dugnadsinnsats.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal