Måndag 15. september kl 17.00 startar Uskedal helselag innsamling og bøssebering i heile Uskedalen. Midlane vi samlar inn går både til forskning og til aktivitetar i høve menneske med demens. Etter runden med bøssebering, inviterer Helselaget til møte i Gamleskulen kl 1900. Møtet er ope for alle.


Hukommelsesteamet i Kvinnherad kommune kjem og informerer om tiltak, tenester og tilbod kommunen yt, og gjev tips og råd om korleis og kva tid ein bør ta kontakt med hjelpetenestene når ein treng hjelp.

Helselag vil informera om eit tilbod til menneske med demens og deira pårørande som vil vera i løpet av denne hausten.

Resten av haustprogrammet kjem i eige innlegg.

Tekst/foto: Uskedal helselag
Nett: Kristian Bringedal