Fotterapeut frå Uskedalen med tilbod på Rosendalstunet.
Ingvild Eikeland, 33 år, frå Huglo, er autorisert fotterapeut med diabeteskompetanse. Ho flytta til Uskedalen for eit år sidan. Ingvild tilbyr fotterapitenester på Rosendalstunet på mandager etter avtale mellom kl 09.00 – 15.00. Ho har jobba som fotterapeut sidan 2017. Fagkompetansen hennar er mellom anna innan behandling av inngrodd/innrulla negler, diabetes-foten, fotvorter, hudtorner, hud/neglelidingar og sko-relaterte fotplager.

I ei melding skriv Ingvild Eikeland at føtene er verdifulle. Føtene skal få oss til å stå, gå, springa, dansa og løfta ting. Har ikkje føtene våre det bra, så kan det forplanta seg oppover i kroppen og laga problem andre plassar. Hos Ingunn får ikkje berre ordinært fotstell eller behandling av eit konkret problem. Du kan også be om biomekanisk vurdering av føtene dine.
Hos Eikeland’s Fothelse kan ein få kjøpt fritidssko, sandalar, såler, krem, sokkar, samt digitale og fysiske gåvekort. Meir informasjon om prisar og behandling finn du på nettsida www.eikelandsfothelse.bestille.no.
Kontakt:Eikeland’s Fothelse v/ Ingvild Eikeland.Mob: 98 07 18 43 (Telefontid : 08.30 -15.30)
Epost: eikelandsfothelse@gmail.comettsted: www.eikelandsfothelse.bestille.no ”
Tekst: Redigert frå pressemelding Foto: Privat Nstt: Kristian Bringedal