Geilo Grannelag har opparbeidd og tilrettelagt for oppstillingsplass for bosdunkar. Plassen må vera ein av dei mest fråseggjorde i sitt slag i Uskedalen. Bakmuren er laga i Trønderblokk. Det er planert, drenert og lagt singel- og grusmassar på toppen. På bakkeplan er det planert og sådd for ny plen. Arbeidet er gjort på dugnad. Arbeidsformann har vore Kjell Tungesvik.

Då uskedalen.no var på plassen, var desse i arbeid med klargjering: Kjartan Tungesvik, Kjell Tungesvik og Bjarte Eik.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal