Torsdag i denne veka vert det felles møte for alle sokneråda i kommunen og som høyrer til Kvinnherad fellesråd. Samlinga er lagt til Uskedal kyrkje. Tema er gudstenesteliv og utfordringar i Kvinnherad, og korleis ein kan laga eit tilbod som fleire synst er interressant. Prost Arild Steinsland kjem og snakkar om moglegheiter for samarbeid og om gudstenesteforordninga. Vidare skal det vera workshop, der ein saman finn ein strategi for korleis vi vil nå ut til dei ulike målgruppene.

Tekst/ nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto