Semesterstart i Kvinnherad Senioruniversitet, torsdag i denne veka - Kulturhuset Husnes kl. 11.00
Torsdag 11. september kl. 11:00 vil Åsmund Kåre Rørvik fortelja om, og visa ein presentasjon med bilete/illustrasjonar frå Husnesområdet si tidlegare historie frå 1500-talet og fram til 1962. Åsmund Kåre er fødd og oppvaksen på bureisingsbruket Lyngstad, garden som ligg mellom hovudvegen i Onarheimslio og Hydro. Han bur der og i dag som nær nabo til aluminiumsverket. Mor hans kjem frå Kvednavikjo i Uskedalen.
Dette er noko av det vi får høyra om:
Kva aktivitetar, institusjonar og samfunn var det her på Husnes i tidlegare tider? Korleis var det i 1962 då storindustrien brått kom? Vidare vil han fortelja om bakgrunnen for at det kom aluminiumsindustri til bygda og den politiske prosessen rundt det. Dette førte til mykje bruduljar på stortinget, og «Husnes-saka» vart eit nasjonalt politisk omgrep med omtale i alle avisene i landet.
Presentasjonen vert avslutta med kart over dei 24 fine heimane og dei 4 feriebustadane i industriområdet (ekspropriasjonsområdet).
Dei som budde der fekk varsel melding om at dei måtte flytta ut på kort varsel, at bygningane skulle rivast og at hagar og områder som dei hadde dyrka og stelt med skulle jamnast med jorda. Dette var starten på ein vanskeleg og uventa prosess for dei fleste.
Åsmund Kåre har tidlegare halde presentasjonen i fleire foreiningar, og kjem no til senioruniversitetet med ein oppdatert presentasjon med nye opplysningar han har funne.
Inngang: kr. 200/100 for medlemer. Det let seg gjera å teikna medlemskap på møta.

Tekst/ foto: Pressemelding Nett: Kristian Bringedal