Kom deg ut - dagen, i dag laurdag 6. september frå kl. 14.00 på Fjellandsbø. Overnatting for dei som ynskjer det.
Kvinnherad Turlag arrangerer Kom deg ut dagen lørdag 6. september på Fjellandsbø. Oppstart kl 14.00. Det vert lagt opp til enkle leikar for born i lag med familien, og grilling av pølser sponsa av Kiwi (til borna). Dette arrangemanget varer frå kl 14 – 16 og er gratis for alle. Treng ikkje melda seg på dette arrangemanget. Velkomne til store og små til leik og moro i lag.
Dei som har lyst, kan vera med og overnatta i telt til søndag. Det er veldig kjekt å sova i telt, og har du ikkje prøvd det før, har du mulegheit no. Born må vera i følge med ein vaksen person. Turlaget har telt, du må ta med liggeunderlag og sovepose sjølv. Samt mat til kvelds laurdag (evt grilling) og frukost søndag.
Me pakkar saman etter frukost på søndag. Dette arrangemanget er gratis. Det er påmelding til overnattingsturen. Passer for barnefamilier. Fint om dei som har mulighet samkøyrer, i forhold til parkering og trafikk.
Tekst: Redigert og henta frå FB Kvinnherad Turlag Foto/nett: Kristian Bringedal