Øygunn Leite Kallevik frå Uskedalen med boklansering, 14. september i Bergen.
Vi har før høyrt om Øygunn Leite Kallevik frå Uskedalen som jobbar med medisinsk journalskriving. No er ho klar med oppdatert bok og det vert boklansering 14. september kl. 18.00 i Galleri Nygaten i Bergen, saman med Bjørn Bendz og Fagbokforlaget. Frå pressemeldinga tek vi med:

Medisinsk Mållag er eit yrkesmållag i Noregs Mållag. Storparten av dei 111 medlemmene er legar, men også andre yrkesgrupper, som jobbar i helsestellet, er med. På 80-talet gav laget ut Medisinsk journalskriving for medisinstudentar på nynorsk. Den viser korleis ein kan skriva journal på 11 ulike fagfelt. Boka har vore forsøkt oppdatert i mange omgangar, men det har vore for tidkrevjande. Dette vart ei endring på då leiar fekk tildelt midlar både frå Noregs Mållag og Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening for å organisere ei ny utgåve.
Redaksjonen vart tipsa om eit nyare kompendium, Journal-1 frå 2009 av Bjørn Bendz m.fl. (Oslo universitetssykehus), som var på bokmål. Denne vart fornya og omsett til nynorsk. Samstundes var det fem legar som skreiv heilt nye kapittel. For å nå breiare ut vart boka laga både på nynorsk og bokmål side om side. Håpet er at den skal stå som tilrådd litteratur for medisinstudentar i heile landet, ikkje berre i Oslo og Trondheim.
I dag finst det ingen fasit på korleis ein journalmal bør sjå ut. Sjukehusa har sine eigne. Ved å stara med studentane kan dette spreia seg til dei etablerte fagmiljøa.
Med dette er Øygunn Leite Kallevik klar med bok. Inntektene hennar frå salet går til Medisinsk Mållag.
Tekst: Kristian Bringedal/pressemelding Foto: Arkiv frå landsmøte i Noregs Mållag Nett: Kristian Bringedal