Løparar frå Uskedalen var med på Hardangervidda Dynafit Maraton.
I helga var det representantar frå Uskedalen IL med på Hardangervidda Dynafit Maraton. Løpet har start ved Vøringsfossen og målgang ved Liseth. Kari Bråtun sprang halvmaraton 21 km , og fekk 5. plass i dameklassen med tida 2 t 34 min. ( Sjå bilete på topp ). Gørill Samland Eik sprang maraton 43 km og sprang inn til 7. plass i dameklassen med tida 5 t og 52 min.

På Halvmaraton 21 km stig ein 920 høgdemeter og på Maraton 43 km stig ein 1750 høgdemmeter. To flotte prestasjoner av damene. Løpet går i nydeleg høgfjellsterreng og har eit tak på 500 deltakakar. Bilettane vart utseld på under 30 min. Arrangøren får mykje ros for arrangementet som er proft tillaga frå start til mål.
Det var fleire deltakarar frå Kvinnherad som stilte til start og gjennomførte gode løp.
Tekst/foto: Espen Eik Nett: Kristian Bringedal