Hugs at det er påmelding til Kafe Tiaren tysdag 30. september. Alt er gratis.
I samarbeid med Kvinnherad kommune – Opne hus vert det invitert til allsong og lunsj på Kafe Tiaren, tysdag 30. september. Alt er gratis. Invitasjonen går ut til alle. Det er sett opp felles buss frå Husnes og frå Rosendal. For å ta mot så mange som mogeleg, vil ein ta kjellaren i bruk til matservering. Allsongen vil gå over to økter, kl. 12.00 og kl. 13.00. Hugs påmelding til: kvinnherad.friskus.com eller mobil: 404 09 290.
kb