Idrettsmerketaking på måndag
Møt opp på Heio fyrstkomande måndag kl. 17:30 for å ta idrettsmerke.
Måndag 01.september kl. 17:30 blir det høve til å ta idrettsmerke på Heio. Her er det øvingr i spenst, styrke og hurtighet som blir utført, som oftast i form av stille lengde, kulestøt og 60 meter. Ein har også ei uthaldsøving som ein kan gjennomføre denne dagen, eller ved anna tidspunkt i løpet av året.
Alle over 16 år kan ta idrettsmerke. Dersom ein ikkje kan på måndag, har ein sjans tysdag 09.september kl. 17:30.
Ved spørsmål eller ynskje om å gjennomføre idrettsmerke eit anna tidspunkt, så ta kontakt med Kjersti på 41567095.
Vel møtt til idrettsmerketaking.
Tekst: Kjersti Bråtun
Nett: Kari Bråtun