Uskedal historielag er klar for markering av Utvandrarubileet 200 år, med seminar komande laurdag. I oktober kjem Torkel Stensletten si bok Med von om ei betre framtid – utvandring frå Uskedalen 1849 – 1966. Seminaret er fullteikna. Plassen i Gamleskulen er avgrensa til om lag 6o personar. Matøkta vert i Helgheimskjellaren.

F.v: Tormod Myklebust, Torkel Stensletten, Ståle Eik, Astrid Haugland, Kristian Bringedal og Svein Rimestad ynskjer vel møtt til seminar. Bilete på skjermen syner tunet på bruk 14, Myklebust.

Påmeldinga er frå heile kommunen, også frå Stord, Voss, Sveio, Bergen og Sandnes. Ein av førelesarane, Julie Walker, kjem frå staten Montana i USA. Ho har familien med seg.

Etter opninga av ordførar Vegard Bjørnevik er Torkel Stensletten fyrst ut med sitt føredrag: Med von om ei betre framtid – om utvandring frå Kvinnherad. Etter dette kjem:

  • Merethe Offerdal Tveit: Film om utvandringa frå regionen. Ho har også digitalisert eit lydklipp med John Richardsen frå nedre Feet, rancher i Montana.
  • Jule Walker: Journalist og slektsforskar, etterkomar etter utvandrar frå Myklebust i Uskedalen
  • Arne Sunde: Om norskamerikansk kultur
  • Tormod Myklebust: Om utvandring frå bruk 14 på Myklebust
  • Emigrantviser v/ Svein Rimestad og Kristian Bringedal

Med eit innhaldsrikt program må ein nytta tida godt. Ver tidleg ute for registrering og ein kopp kaffi. Start: Nøyaktig kl. 10.00.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Thor Inge Døssland