Prosedyre for varsling av brannøvingar.
Etter den siste brannøvinga i sjøbua på Sandakaien kom det opp spørsmål om øvingar med røyk, særleg i sentrum, burde vore varsla. Mange i nærområde såg at branntroppen kom på plassen. Det var på alle måtar ei realistisk øving med mellom anna bruk av røyk og røykdykkarar. På plassen er det bensin- og dieselsal. Uskedalen.no har spurt brannmeister Gaute Moberg om kva som er prosedyren. Han svarar slik:

Branntroppen øver mange gonger i året med kald røyk på utvalde objekt. I dei høve det vert øvd med røyk, vert dette meldt til 110 sentralen. Dersom sivile ringjer inn og er bekymra, er 110 informert om at det er ei øving. Det er ikkje praksis å melda frå til media eller i sosiale medier om brannøvingar.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Gunn Mari Moberg/ Arkivfoto