Skriv til Vestland Fylkeskommune om "villparkering" på møtelommer og snuplassar.
Møyfrid Kristoffersen skriv til Vestland Fylkeskommune der ho refererer til tidlegare skriv om mangel på møtelommer langs fv 5038 – opp dalen i Uskedalen. No gjeld det parkering på møtlommer og snuplassar. Ho syner til at Uskedalen (“dalen”) er eit kjent og mykje brukt område for fjellklatring. Fjellpartiet Ulvanåso er “Noreg sitt svar på Yosomite nasjonalpark i California”, vert det sagt i klatremiljøet. Mange parkerer på møtelommer, utkøyrsler og snuplass. Dette fører til at det er vanskar med å koma seg fram. Ein må rygga for å finna plass til passering.
Møyfrid Kristoffersen skriv vidare at der fylkesvegen sluttar og går over til kommuneveg, så er det ein snuplass. Mange gongar i vår/sommar, så har både små og store bilar stått parkert her – heile dagar. Nokre av desse bilane står også langt ute i vegen, og det kan faktisk vera vanskeleg, særleg for traktorar med landbruksreiskapar, å koma seg forbi på vegen der.
På to stadar er det markert at det er lov å parkera, mellom anna ved Vonheim. I tillegg er det lov å parkera på toppen ved kommuneveg. Møyfrid bed fylkeskommunen gjera tiltak for å få slutt på villparkering på møtelommer og snuplass. Skilting kan vera ei løysing.
Bilete på topp syner snuplassen som vert brukt til parkering. Her kan det vera 3 – 4 bilar parkert heile dagen.
Tekst: Redigert og henta frå skriv til Vestland Fylkeskommune Foto: Privat Nett: Kristian Bringedal