Amerikabesøk - etterkomarar etter Laura frå Larsatunet på Haugland
Sist helg kom 8 etterkomarar etter Laura frå Larsatunet på Haugland for å treffa familien og sjå bygda Uskedalen. Laura var nr 2 i syskenflokken på 9 i Larsatunet, og syster til Lars L. Haugland, far til Torunn g. Kjærland. Laura var i Bergen i teneste, og tidleg i 20-årsalderen reiste Laura og ei veninne til Amerika utan at dei visste det heima. Ho gifte seg med Karl frå Holmestrand og dei busette seg i Baltimore i staten Maryland.

Det var Keith Bevans (70 år), eit barnebarn av Laura som no vitja Noreg for fyrste gong. Han hadde med seg kona Margaret, døtrene Carolin og Amanda, ektemenna deira Alex og Jeremaja og barnebarna Lena (6år) og Tessa (2 1/2 år). Alle bur i nærleiken av Baltimore i Maryland.

Framme: Jeremaja, Amanda, Lena og Alex m Tessa på fanget.
Dei hadde besøkt familien i Holmestand før dei tok tog over til Bergen og kom i leigebil hit. Dei lånte eit av husa i Larsatunet, og fekk verkeleg oppleva kor den utvandra bestemora til Keith kom frå. På laurdag hadde vi kaffitreff der vi var over 20 i familien som kunne treffa amerikanarane. Sundag var dei ein tur til skulemuseet.
Dei var veldig begeistra over dalen og naturen. Utruleg kjekt å treffa etterkomarar til slektning som har utvandra og halda kontakten videre.
Tekst: Jon Harald Kjærland Foto: Øivind Kjærland Svendsen