Det var ei sterk og spesiell stund då seks busette flyktningar frå Ukraina fekk sjå og læra meir om krigsminnesmerke på Stemneplassen tidlegare i denne veka. Gruppa på seks personar var med på samlinga Med hjarte for alle i Kvinnherad – Opne hus. Flyktningar i denne aldersgruppa har ikkje rett på norskopplæring. Difor står det dårleg til med kommunikasjon på norsk, heller ikkje på engelsk. Då kjem det vel med digital løysing med omsetjarprogram på mobilen. Norsk tale kjem fram på ukrainsk.

Ukraina vart som Noreg invadert av Tyskland, Noreg 9. april 1940, Ukraina 22. juli 1941. Det var ein brutal tysk okkupasjon med store tap av menneskeliv. Mellom 5 og 8 millionar menneske døydde i dei fire åra krigen varte. Mange av dei var jødar.

Krigsminnesmerke er ein viktig del av den kollektive minnekulturen, både i Noreg og i Ukraina.

Tekst/foto/nett: Ktistian Bringedal