Det var rettleg 17. mai stemning på Stemneplassen i dag. 70 elevar frå Uskedal skule saman med pensjonistar frå fleire bygder var med på eit sosialt og kulturelt arrangement frå kl. 12.00. Det er Kvinnherad kommune ved Frivilligsentralen som inviterer til Opne hus med tiltak ein gong veka, spreidd rundt i bygdene.

Vidar Isdal song med borna og dei vaksne.

I dag var turen komen til Uskedalen. Med oversskrifta Ynskjekonsert i Uskedalen fekk alle vera med på allsong og grilling. Plassen vart også nytta til leik og moro. Vidar Isdal stod for song, Alt er gratis, også bussreise til og frå dei ulike plassane.

Elevane kosa seg med den store dissa.

Neste samling i Uskedalen vert tysfag 30. september, der alle som melder seg på, er invitert til Allsong på Kafe Tiaren med Rustne Menn. I forkant vil ein ha eit planmøte for å finna ei praktisk løysing på gjennomføringa der det skal vera plass til alle.

Tilsette og frivillig som jobbar med prosjektet Med hjarte for alle i Kvinnherad – Opne hus.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal