Kom og ver med i Røyserett for Alle. Haustsesongen startar tysdag 19. august kl. 19.30.
Bli med i det fantastiske koret vårt! Er du glad i song og musikk? Ønskjer du å dela stemma di med andre og skapa uforgløymelege stunder? Då er du velkomen til å bli medlem i Røysterett for Alle!
Kvifor bli med oss?
• Møt nye vener som deler interessa di for musikk.
• Anten du er nybyrjar eller erfaren, får du høve til å utvikla deg.
• Me syng alt frå klassiske verk til moderne hittar, så det er noko for alle.
• Me dreg på konsertar og arrangement, og delar musikken med publikum.
• Me dreg stundom på korturer innan fylket og nokre gonger utanlands.
• Visste du at å syngja i kor aukar sjølvtilliten, reduserer stress og gir mykje
glede?
Me øver om tysdagane kl. 1930 – 21.45. Me øver saman med Husnes Blandakor, og er derfor annankvar tysdag i Festsalen på Kulturhuset, Husnes og annankvar tysdag i Helgheim, Uskedalen.
Første øving er 19. august i Kulturhuset, så kom og sjå om koret er noko for deg! Treng du meir informasjon kan du kontakta leiaren i koret, Sylvi Hjelmeland, på tlf. 91137022.
Vi gler oss til å sjå deg!
Helsing alle oss i Røysterett for Alle
Tekst: Styret Foto: Illustrasjon Nett: Kristian Bringedal