Døme på villcamping i Uskedalen.
Vi les om villcamping som eit aukandre problem i mange bygder. Frå tid til anna har det vore villcamping i Uskedalen,- telting, overnatting og opphald på privat grunn utan løyve. Problemet er særleg merkbart i dei høve der det ligg att avføring og toalettpapir i buskane.
Det siste er ein bil frå Belgia parkert på P plassen på Haugland, ved innkøyrsla til Kalkstasjonen. På andre sida, på dyrka mark, står teltet. Avføring ligg på elvekanten. Uskedal utvikling v/ Dugnadsgruppa fekk midlar til å opparbeida parkeringsplass med miljøtoalett. Grunn restriksjonar med avrenning til elv vart toalettet ikkje bygd. Det er dette som er plassen denne saka gjeld.
Ein av grunneigarne, Steinar Haugland, fortel til uskedalen.no at han er merksam på tilfelle av villcamping i område, også inne ved Kalkstasjonen. Det er ikkje eit stort problem enno, men ein føl med på kva dette kan utvikla seg til. Det er viktig å få fram at villcamping i liten grad gjeld fiskarar, turgåarar og klatrarar.
Villcamping lenger oppe i dalen er av mindre omfang. Dyr på beite ved Fjellandsbøvatn verkar dempande på telting og overnatting.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Privat