Skulestart i morgon, torsdag 14. august - 8 elevar i 1. klasse.
I morgon, torsdag 14. august, er det skulestart. Deer er 8 elevar i 1.klasse. Talet i fjor var 6 elevar. Det samla elevtalet er 61. Det er ein liten nedgang frå året før. Då var elevtalet ved Uskedal skule 65. Det er generelt langt færre elevar i grunnskulen i Kvinnherad i åra framover, noko som er særleg merkbart i Uskedalen. Statistikken syner at om to år vil talet 6 åringar auka til over 10.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto