Spontan aksjon for Ukraina. Innsamling i perioden 12. - 26. august.
Meir til Ukraina? Det stundar mot vinter, også i Ukraina. Situasjonen der kjenner alle til. På lageret i Uskedalen kjem det inn klede og utstyr langs med. Reidar Bjørnevik og Tormod Myklebust skal på tur med T H K – trailaren til Ukraina, fyrste veka i september.
Vi vil difor starta ein spontanaksjon frå dags dato til tysdag 26.
august. Høgst sannsynleg får vi dette med på lasset. Dersom du har
noke å senda i haust er det greidt å få det med no. Det som kjem inn
etter den 26 september, må lagrast til over nytt år.
Takk for kontinuerlig støtte gjennom mange år!
Tekst: THK stiftelsen v/ Tormod Myklebust Nett: Kristian Bringedal