Singing Tweens startar med øvingar i kyrkja måndag 18. august kl. 12.45.
Singing Tweens tek til med øvingar i kyrkja komande måndag, 18. august kl. 12.45. Øvinga varer om lag ein time. Dette er eit tilbod for born som går i 2. – 4. klassetrinn. Elevar i 5. – 7. klassetrinnet kan vera syngjande hjelpeleiarar. Hjelparane vil få ulike oppgåver: Henta og bringa SFO, leia dans og bevegelsar til songane, arrangera leikar, vera med på andakter og Fadervår, solosong og vera støtte i songen.
Ved oppstart av ny sesong vil det alltid vera usikkert om kor mange som vert med. Nokre har meldt frå om at ein held fram. Leiar for gruppa, Nelly Kjærland, fortel at ein vil ha ein rolegare haust med meir vekt på trivsel på øvingane. Alle er velkomne

Nokre framføringar ligg inne:
- Syng på pizzakveld i Valen kyrkje ( Dato kjem seinare )
- Fredag 28. november: Open mikrofon i samband med tenning av Julegrano
- Sundag 7. desember: Julekonsert i Uskedal kyrkje
- Juleafta: Syng på julegudstenesta i kyrkja
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto - Jon Harald Kjærland