Kjekk og lærerik sommarleir på Fjelly
Vi hadde ein veldig kjekk sommarleir på Fjelly. Tre deltakerar måtte dessverre melda avbud i siste liten. Dermed vart vi berre 9 deltakarar. Ein kjempeflott gjeng med nyskjerrige og søte 5.-7.klassingar. Trass i ca. 100 mm med nedbør på tysdagen, var gjengen fleire turar i område. ( Sjå bilete på topp )

Vi hadde tur inn til Vatnastøl i staden for turen til Solfjell. Nokon tøffingar tok òg fleire bad i i regnvèret. Inne på hytta fekk vi fordjupa oss i kart og kompass. Vi fortalde òg lokalhistoriar frå krigen i Kvinnherad, om dei som vart gøymde ved Mannsvatnet.

Fjelly er ei heilt super hytte til sommarleir. Ekstra fint å ha ei hytte i dette vèret.
Vi kosa oss.

Tekst/foto: Frøya, Veslemøy og Solveig Nett: Kristian Bringedal