Ser ut til å verta ei god fiskeveke i Uskedalselva.
Det er tyder på at det kan bli ei ny stor fiskeveke i Uskedalselva, slik det var då elva opna 1. juli. I går er det registrert god fangst med heile 9 fiskar, for det meste sjøaure. Vekta ligg mellom 1 til 2 kg. Dei minste fiskane er sett ut att.
Opningsperioden i elva er frå 1. juli til 31. august. Dersom det held fram med regn i denne veka, kan fangsten koma opp mot det meste som er fiska på ei veke. I dag er det teke ein sjøaure. Så langt i år er fangsten heile 60 fiskar, den største er ein sjøaure på 7,1 kg.
Haugland og Kjærland var dei beste valda den fyrste veka. No er det Myklebust og nedre Feet som peikar seg ut med god fangst.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto Kjelde: Uskedal Elveforvalting