Då er Per Håkon Korsvold ferdig med debuten til Landsskytterstevnet. Det var feltskyting i dag, med 5 ulike hald og figurar, 6 skot på kvarthald. Av 30 mogelege poeng, vart det 28 treff og 18 av desse var “innertreff”.

Per Håkon Korsvold på standplass.

Det er skikkelig regnver på Kongsberg, av type vestlandsver. Både skyttarar og publikum vart skjortevåte. Per Håkon kan kanskje få ein finaleplass. Det er 25 skyttarar fra Kvinnherad. I tillegg er det mange i støtteapparatet og som heiar på deltakarane. Det er god lagånd og veldig kjekke folk å vera saman med.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Per Korsvold