Betre skilting syner turvegen til Skårhaug.
God skilting er avgjerande for om turistar og tilreisande finn vegen fram til ulike turmål og attraksjonar i Uskedalen. Stemneplassen og Skårhaug er skilta frå kommunevegen ved Bedehuset. No er det også kome skilt i sentrum ved Zjakk frisørsalong og busstoppen. Dermed er turvegen over Skårhaug skilta frå begge sider.

Bakgrunnen for skiltinga er at mange tek turen innom Lises Bruktforretning og spør korleis ein finn vegen til Noregs lågaste topppunkt, nemleg Skårhaug 49 moh. Inger Lise Eidsvik hjelper mange. Ho har også kart ved inngangsdøra som syner turvegane og fjellstiane i Uskedalen. Eit eige kart syner turvegen over Skårhaug. Ho har kart til utdeling i tillegg til infoark om utleige av fjellhytta Fjelly.
Mange vil sei at alt dette finn du på nettet. Tja, sei det, ikkje for alle. Fysisk skilting i lende er uansett viktig for å finna fram dit ein skal, også viktig for å ikkje rota seg inn på private tun. Mange tek foto og legg kart og tilvisingar inn på mobilen.
Det er Steinar Kroka i Uskedal Friluftslag som har laga skilta.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal