Det har vore stor skipstrafikk på fjorden den siste veka. For to dagar sidan var det tre turistskip i Rosendal. Alle legg turen gjennom Storsund, anten på nord eller sør. I dag tidleg kom tidlegare hurtigruteskip MS NORDSTJERNEN framom Uskedalen. NORDSTJERNEN er bygd i 1956 og gjekk i hurtigruta i mange år. Dei siste åra var NORDSTJERNEN reserveskip i flåten.

SEADREAM 2 er tilbake med turar gjennom Storsund.

SEADREAM 2 er tilbake i cruisefarten på norskekysten. Måndag var skipet i Rosendal. SEADREAM er eit mindre turistskip og går med Bahamas flagg. For nokre år sidan, i pandemitida, var SEADREAM mykje å sjå gjennom Storsund. Til Rosendal kom skipet denne gongen frå Skagen i Danmark.

Både NORDSTJERNEN og SEADREAM vil vera tilbake i Rosendal i august.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Hans Ordin Østebø/ Kristian Bringedal