Musikklaget som ikkje tek sommarferie - neste speling er på Kafe Tiaren.
Har du høyrt om musikklaget som ikkje tek seommarferie, men som øver heile året, to gonger i veka. Det er Uskedal Musikklag. Du finn dei tysdag og torsdag i øvingslokale på Stemneplassen. Hausten er alt fullbooka med mange oppdrag i bygda og på sjukeheimane i kommunen. Sjølv på sommaren, i den varmen vi har hatt dei siste vekene, er frammøte godt.

Alt i neste veke er det speling på Kafe Tiaren, tysdag 29. juli frå kl. 12.00. Det er på den faste siste tysdagen i månaden med allsong. Det er eit variert allsongporgram med tekstar henta frå hefte Song og musikkglede.
Sist musikklaget hadde oppdraget på Kafe Tiaren var det ikkje ein stol ledig i Gamleskulen. Mange vil høyra og vera med i allsongen. På programmet finn vi mellom anna sommarsongane: Sommarnatt i Froland, Jag tror på sommaren, Solskinn og sang og I sommarens soliga dagar.

Septemberstilla – eit minne om Lars Ljosnes til tonen Mull of Kintyre er også med. Teksten er skriven av Olaf Agnar Gausvik, henta frå diktsamlinga Det droplar og dryp ( 2007 ).
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal