Uskedalen.no har vore ute eit døger - overgang til ny server i nytt datasenter.
Uskedalen.no har vore ute av drift det siste døgeret. Årsaka er oppdatering og overgang til ny server. Overføringa er fullført og alt skal vera som normalt. Overgangen til ny server i eit anna datasenter, gjer at sida er meir robust. Les kva konsulent Gaute Lund i iteam skriv om overføringa:
Uskedalen.no er flytta til ein ny server som er raskare og tryggare enn den gamle. Vi samlar visse funksjonar i iteam, og websider og ein del andre tenester blir flytta til vårt datasenter hos Bluefjords i Sogn. Eit miljøvenleg datasenter der maskinene vert kjølte av smeltevatn frå Jostedalsbreen. Dette er tryggare, raskare og meir robust og driftssikkert enn iDrift sine gamle servere.
Tekst/nett: Kristian Bringedal