Travelt for Politiet natt til fredag.
Natt til fredag i førre veke var det fleire hendingar i område Uskedalen som førte til at Politiet vart tilkalla.
- Eit båt køyrde inn i ein oppdrettsmerd nord for Skorpo og stod fast. Det er mistanek om promille. Det var ikkje fisk i merden.
- Straks etter, kl. 07,30, kom det inn melding om innbrot i båt. Det er ikkje sagt noko om kva som vart stole. Politiet kjenner den eller dei som står bak denne handlinga.
- Det var elles ei uroleg natt for gjester i båthama og på camping. Tre personar laga støy og gjekk rundt med trillebår, mellom anna for å samla pant. Dei hadde mellom anna tilhald i ein båt som har båtplass i Uskedalen. Saka vart meldt og Politiet kom og var i område.
Tekst/nett: Kristian Bringedal