
Minikurs i padling og det å vera trygg i kajakk.
Stig Framnes frå Rød, bur til vanleg i Oslo, brukar mykje av fritida si på friluftsliv, padling og skiløp. I går var han heime i Uskedalen og gjennomførte det vi kan kalla for ei minikurs i det å vera trygg i kajakk. Rulle og det å koma seg opp i kajakken midtfjords er ein viktig del av førebyggjande trygghetsarbeid.

Slekt og vener fekk vera med på opplæringa. Fleire timar gjekk med til grunnleggjande teknikkar med rulle. Stig har laga og brukar si eiga padleåre, laga av bjørk, 2,20 meter lang. Ideen kom frå ein dansk padlar. Padleåra er lett og fungerer godt ved rulle.
Stig Framnes er med Nøklevann ro- og padleklubb. Det er Noregs største padleklubb, med kring 5.400 medlemmer. Klubben held til ved Nøklevann i Østmarka i Oslo. I tillegg til Nøklevann, så har vi ein sjøbase i Oslofjorden. Det er der vi held kurs i havpadling. Sjå www.nrpk.no for meir info.ipadleklubb i Oslo.

Sjølv har han padla det meste av omrdåe i landet, kyst- og havpadling, fjordpadling, i vatn og innsjøar. No kjem han frå padling i deler av Telemarkskanalen. Med på bilen har han to ulke typar kajakkar, alltid klar til bruk.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal