
Nye leikeapparat på plenen ved Gamleskulen - arbeidet er gjort på dugnad.
Det er utført arbeid med oppgradering av leikeapparata på plenen ved Gamleskulen. Medlemer frå Dugnadsgruppa har hjelpt til montering. Primus motor for vask, reinhald, måling, rydding og praktisk arbeid har vore Mette Lauvsnes og Marit Røssland. Dei har vore pådrivarane, kan vi sei.

Det kommunale arealet vert drifta av Uskedal utvikling. Møyfrid Kristoffersen har hatt tilsyn og stell med rosebeddet. Plenslåtten vert utført av Kristian Bringedal. Område tek seg fint ut for tida. Innehavar av Thaivogna har eit blomehav rundt vogna. Ho ser til at det er rydda og fint å koma til plassen.
Nye benker og bord er på plass. Dei gamle utebenkene er køyrt bort og kan evt. brukast på andre plassar.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Thor Inge Døssland