To lokalitetar i Uskedalen er med UNESCO si liste over plassar med stor geologisk verdi. 60 besøksmål utgjer Sunnhordland Geopark. To av dei ligg i Uskedalen. Ein geopark er eit samanhengande geografisk område med verna landskap, som igjen vert forvalta med tanke på heilskap, opplæring og ei berekraftig utvikling.

Skorpo med skuringsstriper og jettegryter.

Om lokalitetane i Uskedalen les vi:

  • Skorpo: Ein istids-skulptur i fast fjell. Forma av den plastiske is-kappa som seig ut i fjordbassenget og polerte den relativt mjuke fyllitten med sine raske sub-glasiale smeltevass-straumar fylde av grus og under høgt hydrostatisk trykk.

Ulvanoso med landskapsformer frå den siste istida.
  • Ulvanoso: Eit skule-eksempel på korleis klima, brear og berggrunn har forma landskapet over tid. Det majestetiske fjellet reiser seg 1246 moh og er eit populært turmål frå Holmedal og opp langs Dyrrinda-morenen.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Geopark Sunnhordland