Talet på reisande over Stord lufthamn, Sørstokken aukar framleis. I juni 2025 nytta 4.830 personar seg av DAT si Oslorute. Samanlikna med same månad i fjor utgjer dette ein auke på 900 personar eller 22,9%. Kabinfaktoren i juni var på heile 82,2%.





Vekst i trafikken kan føra til auka setekapasitet.

I fyrste halvår 2025 har 25.390 personar reist over Stord lufthamn, Sørstokken med DAT si Oslorute. Samanlikna med same periode i fjor er dette ein auke på 11.524 personar eller 83,1%.

Årsaka til den store trafikkveksten er at flyruta Stord-Oslo no er inkludert i dei statlege FOT-rutene. Dette betyr rimelege billettprisar, gode rutetider og god frekvens. Samstundes er det stor aktivitet på verftet til Aker Solutions og lokalt næringsliv i Sunnhordland.

For å ta hand om den sterkt aukande trafikken har lufthamnselskapet no bedt DAT om å vurdera å auka setekapasiteten på Osloruta.

Lufthamnsjefen Jan Morten Myklebust er frå Uskedalen. Selskapet er sponsor til uskedalen.no.

Tekst: Pressemelding
Foto: Thomas A. Hjelmen
Nett: Kristian Bringedal