Vil du prøva deg som musikkmeldar for uskedalen.no på Festidalen - gjeld laurdagen.
Uskedalen.no har Marius Mathisen som sin faste musikkmeldar, slik også i år, men berre fredagen. Årsaka er at Marius er musikar og har oppdrag laurdag på Fest i vest i Sagvåg på Stord. Difor vågar vi oss til med spørsmålet: Vil du prøva deg som musikkmeldar på Festidalen, laurdag. Løn: Gratis inngang

For å vera ein god musikkmeldar må du:
- Vera glad i musikk
- Ha kjennskap til ulike musikkgenrer
- Ha kjennskap til artistane
- Kunna skriva ut ei musikkmelding, ei vurdering i eit manus, og senda redaksjonen innan rimeleg kort tid etter konserten.
Det er også ynskje om at du tek bilete av artisten/gruppa. Marius Mathisen vil skriva ein førehandsomtale med kort informasjon om kvar artist/band.
Dersom dette høyrest interessant ut, send nokre ord til uskedalen.no
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Presse