
Nokre held på tradisjonen med samling og bålbrenning på Jonsok.
Ikkje så mange, men det var nokre bål å sjå på Jonsok i Uskedalen. Markeringa går tilbake til førkristen tid med bålbrenning for mellom anna å hald vonde makter borte og sørga for ei god innhausting. I kristen tid er 24. juni, sankthansafta, minne- og festdagen for døyparen Johannes.
Tradisjonen med Jonsok og bålbrenning er i endring. Dei store tønnebåla i Bergen og Ålseund vert tende den næraste laurdagen til 24. juni. Nokre ser på veret. Difor la nokre bålbrenninga til sist laurdag. Andre held på dagen, slik som på Neset i Uskedalen.
I mange år var det tradisjon med Jonsok på Stemneplassen. Etter samling på Brekketoppen og brurefylgje gjennom bygda, var det program og bålbrenning på Friluftsplassen. Arrangementet var tidleg kveld slik at resten av kvelden kunne brukast til private samlingar. Nokre spør om vi bør gjenskapa denne markeringa slik vi ser Sankthans vert feira i andre bygder.
Så langt vi kjenner til var det også bål på Myklebust og på Skorpo.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Dag Hermansen