
Fire dåpsborn i kyrkja i dag.
I dag var det den store barnedåpen i Uskedal kyrkje. Heile fire born vart borne til dåpen. Det er ikkje rekord. Det største talet i Uskedalen er fem dåpsborn. I Kvinnherad kyrkje er talet seks. Mykje folk møtte fram, mellom anna av fadrar og nær slekt, men og av andre. Bilete syner dåpsborna med foreldre og presen Kjetil Kringlebotten. Dåpsborna i dag var:
- Ada Marie Kjærland Kaldstad
- Vilde Myklebust
- Emma Sjo Haugland
- Joar Myhre

Neste gudsteneste er Friluftsgudsteneste på Skorpo, sundag 6. juli kl. 14.00. Skyss frå Sandakaien kl. 13.00.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Hans Ordin Østebø