19 røysta for utsetjing og dermed vart det fleirtal for å senda saka tilbake til administrasjonen med pålegg om ei grundig utgreiing som skal svara ut alt det som har vore usikkert i rapporten. Partia H, KrF, Ap og V hadde framlegget om utsetjing. Dei andre partia røysta for å gjera vedtak i dag. Saka skal tilbake for politisk behandling hausten 2025. Det var representanten Løfvgren Johansen ( Ap ) som sette fram framlegget om utsetjing.

Wermund Vetrhus hadde ordet i saka fleire gonger. Han gjekk mot utsetjing.

Fleire av dei folkevalde frå Uskedalen hadde ordet til utsetjing. Bjørn Olav Tveit presiserte at noverande struktur ligg til grunn, også for ei ny vurdering. Det handlar om god beredskap og tryggleik, ei sak som krev ei grundig utgreiing slik fleirtalet ynskjer.

Wermund Vetrhus ( SV ), Thomas Eide ( INP ) og Jostein Saghaug ( MDG ) gjekk mot utsetjing. Saka er klar for behandling, meinte dei. Slitasjen er stor, tilliten låg og det er viktig at brannmannskapa vert godt ivaretekne.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal