Det strøymer på med Amerikabesøk i Jubileumsåret 200 år sidan den fyrste utvandringa til Amerika. Haugland skulemuseum er eit populært besøksmål. Det siste reisefylgje var etterkommarar frå nedre Musland. Ingvald Musland frå bruk 1 på nedre Musland reiste til Noth Dakota tidleg på 1890 talet. Gjestene var på cruise og kom til Rosendal med MS SeaDream 2.

Etter mottaking i Rosendal gjekk turen til Musland, der dei fekk sjå heimen som Ingvald kom frå, og vidare til Gamleskulen der Ingvald var ein av dei fyrste elevane i 1893. Inne i skulestova vart det mykje god mimring, og den vart krydra med song, musikk og heimelaga potetekaker, mjelkekaker og kake. Det vart ei spesiell oppleving for alle, og ikkje minst for dei som har gjennomført heile folkeskulen der.

Hans Gustav takkar for lån av skulemuseet. Det er ein kulturskatt som er ei oppleving å få visa fram.

Bilde: ( bak frå venstre) Einar Musland, Jack Madej (son til Natalie), John Madej ( mannen til Natalie), Adam Madej (son til Natalie), Natalie Madej (oldebarn til Ingvald), Anne Lise Koløy, Kjell Musland, Ed Thull (far til Natalie), Hans Gustav Musland og Solbjørg Musland.

Tekst/foto: Hans Gustav Mussland
Nett: Kristian Bringedal